COVID-19

Vi i Hornindal Skisenter gler oss til ein ny sesong. Denne sesongen vil bli spesiell, grunna smittevern i samband med koronapandemien. Hornindal Skisenter tek dette på alvor og vil leggje til rette for at besøkjande skal føle seg trygge ved skisenteret På same tid er vi heilt avhengige av at kvar enkelt gjest retter seg etter dei reglar og oppfordringar som blir gitt. Berre i godt samarbeid kan vi hindre smittespreiing, og dermed få ein sesong med gode skiopplevingar.

Retningslinjer for besøkande

  • Kjøp heiskort på nett og bestill skiutleige på nett.
  • Hald minst 1 meter avstand
  • Vask hendene ofte
  • Nys og host i albogekroken.
  • Kom frisk. Reis heim igjen dersom du har akutte luftvegssymptom.
  • Besøkjande ved trekket/varmestova som ikkje nyttar trekket, må registrere seg.

Vi oppmodar elles besøkande til å

  • Førehandsbestilling av skiutstyr for leige (informasjon om dette kjem)
  • Kjøpe heiskort på nett (informasjon om dette kjem)
  • Ikkje stå i trekket med andre enn i same familie eller reisefølge.
  • Ikkje sett deg ved bord i varmestova som ikkje er ledig eller reingjort.

Tiltak Hornindal skisenter innfører denne sesongen

  • God skilting med oppmoding om å overhalde reglane.
  • Leggje til rette for god hygiene, herunder moglegheit for vask og desinfisering av hendene.
  • Auka reinhald i varmestova.
  • Vask og desinfisering av utstyr som har vore leigd ut.
  • Det vil vere redusert kapasitet i varmestova, slik at vi kan overhalde krav om 1 meter avstand.
  • Heisvakter vil hjelpe dei som ber om det, men vi reduserer kontakt mest mogleg.

Dersom anlegget ikkje opnar for sesongen grunna COVID-19 gis det full refusjon for kjøpte sesongkort.