Hornindal Skisenter er ein ideell organisasjon drive i hovudsak på dugnad.
Alle som ynskjer å bidra til dugnadsdrifta er hjarteleg velkomne. Vi treng mellom anna heisførara, billettvakter, skiutleigara og kafémedarbeidara. Ein treng ikkje ha anna tilknyting til skisenteret eller Hornindal enn at ein ynskjer å bidra til å gjere skisenteret til ei flott oppleving for våre gjestar.
Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å bli med i dugnadsgjengen.
Grasrotandel
Dersom du spelar hos Norsk Tipping kan du legge til "Hornindal Skisenter AS" som mottakar av din grasrotandel. Du kan sende SMS "Grasrotandelen 965432280" til 60000 for aktivere dette. Vi er takksame for støtta!
Sponsor- og gåvemidlar
Bedrifter er velkomne til å sponse med sponsorpakke og annonsering etter avtale. Private gåvemidlar gjevast gjerne til løypestøtte eller etter avtale. Ta kontakt med oss for meir informasjon.
Vi held på å klargjere oss til ein ny sesong. Følg med her og på sosiale media for oppdateringar.
Om du kunne tenke deg å bli ein av dei frivillige kan du kontakte oss på messenger. Du kan velje mellom vakt i skiheisen, sitte i billettbua, vere i skiutleiga, stå i kafeen eller vere i skipatrulja 👍
