Skibakkane tek utgangspunkt i det 1487 meter lange T-korktrekket Hornindalsheisen, eitt av dei lengste skitrekka i Norge, og det nye 500 meter lange tallerkentrekket SpareBank 1 Rekrutten.
Frå toppen av Hornindalsheisen på 750 m.o.h. har vi to preparerte hovudnedfartar på 1.650 meter: Fossehenget på vestsida og Tverrløypa på austsida. Sistnemnde med flomlys heile vegen, som gjer det til den lengste belyste nedfarten i Nordfjord/Sunnmøre. Fleire parallelle løyper og ulike avstigningar gir eit stort utval i variasjonar og vanskelegheitsgrader.
Hornindal Skisenter blir rekna for å vere eitt av regionens mest snøsikre skisenter. Kombinert med snøproduksjon legg vi opp til ein god skisesong for våre gjester. Området byr på store områder eigna for frikjøring og er eit godt utgangspunkt for mange ulike toppturar.
Familievennleg
Anlegget er godt eigna for born og nybyrjarar. SpareBank 1 Rekrutten, nytt av sesongen 21/22, er eit 500 meter langt tallerkentrekk som går parallelt med nedre del av Hornindalsheisen. Her er det opparbeidd ein hovudnedfart og skicross, begge på 500 meters lengde med heng/svinger der gjestene kan velje vanskegrad sjølv, alt etter kva sporval ein køyrer. Kombinasjonen av heis og nedfart i SpareBank 1 Rekrutten er spesielt lagt opp til nybyrjarar i alle aldrar og ferdigheitsnivå, der ein kan øve seg steg for steg og utvikle sine ferdigheiter.
Heisvaktene bistår gjerne. Hornindal Skisenter har ein brei profil og vil framstå som det gode anlegget for heile familien.
Skipark
I tillegg til SpareBank 1 Rekrutten er det på austsida av Hornindalsheisen opparbeida skiparkområde med hopp, park og rails mm. for dei som ynskjer ekstra utfordringar og variasjon.
Heiskort
Vi oppmodar om at flest mogleg om å bestille heiskort på nett. Avhenting og alternativt kjøp i heisbua like ved påstiginga til heisen. Betaling med debetkort, kredittkort, vipps eller kontant.
Inntil to ekstra ungdom, 18-19 år, per familiepakke mot kr. 500 per stk.
Born 0-7 år samt 4. klassingar: Gratis
Obligatorisk Key-card (Skidata): kr 75,-
Prisliste
Born, 8-17 år | Vaksen, 18+ år | Student / Honnør | Familie | |
---|---|---|---|---|
To timar | 200,- | 280,- | 240,- | |
Tre timar | 230,- | 330,- | 285,- | 800,- |
Dag | 300,- | 390,- | 350,- | 995,- |
To dagar på rad | 470,- | 595,- | 530,- | 1500,- |
Kveld | 200,- | 270,- | 240,- | 600,- |
Enkelttur | 50,- | 75,- | 65,- | |
Ti turar | 450,- | 650,- | 600,- | |
Sesong | 2700,- | 3900,- | 3300,- | 8350,- |
Ta kontakt for å avtale pris for større grupper eller leige av eigen dag.
Alpepass
Vi er medlem av Alpepass der ein kan bruke fleire av skisentera i regionen på same heiskortet.
Sjå meir info og prisar på https://www.alpepass.no/prisar
Oversikt
SESONGAVSLUTNING
Søndag 24. april vert det sesongavslutning i Hornindal Skisenter. Vi har framleis godt med snø og lovar fine forhold i alle nedfarter. Hovudheisen (1500 meter) med to 1650 meter lange nedfarter og Sparebank 1 Rekrutten (500 meter) med to nedfarter opne. Varmestove med kafeteria og skiutleige. Alt er ope kl 10.30-16.30. Lettare servering i kafeteriaen denne dagen, dvs vafler, brus, kaffi, kjeks og sjokolade. For ordens skuld: Vi har ikkje ope laurdag.
Har du lyst å bidra med frivillig løypestøtte, kan du gjere det på Vipps 81216 Hornindal Skisenter. Hovudsponsoren vår er Sparebank 1 Søre Sunnmøre